Du er ikke logget ind
Beskrivelse
"Stol og ekstase +" er ei samling essay og noveller som til tider kan likne på essay. Det handlar mykje om tilhøvet mellom verkeleg og uverkeleg: Refleksjonar kring det sanne, det fantastiske og det ironiske i litteratur gjennom lesingar av forfattarar som Virginia Woolf, Arthur Rimbaud, Richard Brautigan og Inger Christensen blandar seg med flygande objekt, med det å forsvinne fullstendig, med det nynorske, med det kvinnelege, med klaustrofobi, med småfly som kjem flygande gjennom snøvêr, med kjærleik på framande planetar. Dette er ei nyutgåve, med eit plusstillegg: eit essay og ein kortekst. Fyrste utgåve kom i 2006 (Cappelen).