Du er ikke logget ind
Beskrivelse
Denne boka skal gje lærarane og elevane hjelp og trening i opplæringa av funksjonell, samanhengande skrift.Når bokstavane blir bundne saman, fl yt skrivinga raskare og betre, ein blir mindre sliten, og ein kan konsentrere seg om andre viktige element ved skrivinga. I tillegg utviklar ein ei personleg skrift.Vi har to typar samanhengande skrift som begge har god tradisjon i norsk skule: lykkjeskrift og stavskrift (også kalla formskrift).Det ser ikkje ut til at valet mellom dei er avgjerande for kor gode elevane blir til å skrive. Det er ingen skilnad i funksjonaliteten, altså kor fort, pent og leseleg elevane skriv. Denne boka kjem derfor i to utgåver: lykkjeskrift og stavskrift.