Du er ikke logget ind
Beskrivelse
Denne boka er ei aktuell og oppdatert framstilling av Sovjetunionens historie, frå revolusjonane i 1917 og unionsavtalen i 1922, til oppløysinga i 1991. Sovjetunionen var eit heilt sentralt kapittel i europeisk og global 1900-talshistorie, og verda er framleis prega av arven frå unionen, 30 år etter at han forsvann. Sovjetunionen var eit forsøk på å skapa ein stat for den frigjorde arbeidarklassen og for frigjorde nasjonar. Dei sovjetiske folka var likevel ikkje frie, og Sovjetunionen kom til å bli ei vidareføring av Det russiske imperiet frå før 1917. I unionen av sovjetrepublikkar fanst det mange spenningar mellom sentralmakta i Moskva og dei ulike regionane, og sovjetisk nasjonsbygging og nasjonsundertrykking får ein sentral plass i boka. Dei ulike kapitla tek også føre seg den marxistisk-leninistiske ideologien og eittpartistaten, og syner korleis Sovjetunionen vaks fram som eit storstilt og brutalt moderniseringsprosjekt med planøkonomi og femårsplanar, fangeleirar, utreinskingar og deportasjonar, men også med ein rik litterær produksjon og eit kulturliv som påverka ei heil verd.